Dagbok fra jomfrutur

Det er utrolig artig når folk deler sine opplevelser og kunnskap med oss andre i Liverpoolhjerter. Kai Tore Myklebust skriver dagbok til oss fra sin aller første tur til Liverpool. Tusen takk for at du deler med oss, Kai Tore - og til dere andre som skal over og oppleve Liverpool FC på hjemme eller bortebane - del gjerne opplevelsene med oss du også!

Liverpool 10. september 2014 kl. 20.00 (lokal tid)

Landa faktisk trygt i Manchester City-land. Henta bagasjen etter nesten ein time i passkontrollkø og fekk kjøpt togbillett til LIVERPOOL Lime Street station. Etter vel eit kvarters venting fekk vi Liverpoolpassasjerane beskjeden: Toget frå LIVERPOOL var innstillt grunna noke tull på toglinja. Pokker, tenkte vi.... no må me vere her lenger enn naudsynt...

Beskjeden vidare var å kome seg snarast råd til eit anna togspor der vi måtte ta eit anna tog til M........ Picadilly for bytte av tog vidare til LIVERPOOL. Faktisk gjekk dette svært smertefritt og opphaldet i Oasis-land vart forkorta med opptil fleire minutt... Oh Gledje.... 

På toget møtte eg eit par kjekke LIVERPOOL-supporterar frå Skien. Dei blir verande til søndag og ein skal ikkje sjå vekk i frå at me møtast på ein bar i nærleiken.. Kanskje allereie i kveld.

Drosjeturen til "hotellet" gjekk unda på under ti minutt, Då var det verre med å kome seg inn på hotellet, som vel eigentleg er meir eit hostell. Drosjesjåføren stoppa på den oppgitte adressa og der var berre ei raud dør mellom ei kinasjappe og ein liten restaurant. Den var sjølvsagt stengd. Etter 15 minutts tid og fleire gongar ringing på døra kom der endeleg ut ein av gjestane. Ei hyggelig jente som let meg kome inn. Men døra inn til resepsjonen var og stengt. Då var det berre å prøve mobilen til eit angitt nummer. Fekk svar med ein gong, og nok ei kjekk jente kom og tok meg i mot og sjekka meg.... inn på hotellet. 

Så no sit eg her på rommet mitt og skriv første del av "Dagboka i Liverpool 2014" og kjenner at kroppen treng noko føde, både tørt og vått. Det blir nok ein liten taxitur downtown snart.

Reknar med at fleire av dåkke medsupporterar er komne til byen eller er i ferd med å kome, eller kjem snart, før helga iallefall. Kanskje me sjåast?

For: YNWA!!

Liverpool, 11. September 2014 kl. 23.30 (lokal tid)

Vanlegvis er eg elendig på å få sove første natta på ein ny plass i ei ny seng. Men første natta i Liverpool sov eg faktisk veldig godt. Jada, eg vakna to gongar. Først var det ein sjukebil som brukte sirenene for alt det var verdt. Og så, sånn ca halv seks, var det søppeltømarane som krangla med nokre containerar rett utanfor vindauget mitt. Men alt i alt ei god natt. Begge er unnskyldt, dei gjorde berre jobben sin.

Vakna omsider sånn ca halv ti. Fekk vaska kroppen, gjekk og handla litt diverse som eg kan ha på rommet, før eg tok turen ned til Williamson Square, rett ved Radio City 97,6 eller kva det heiter. Gjekk og vandra litt før eg svippa innom Liverpool FC shop som ligg på plassen der. Kjøpte ingenting i første omgang, var liksom berre og sonderte terrenget...

Satte meg ned på ein av benkane der og tok livet heilt med ro i den fine og varme haustsola, som til vanleg ikkje er så fin og varm på denne tida ifølgje dei lokale innbyggjarane.

Tok så den korte (meget korte) vegen til puben Sweeney's som ligg på nedsida av plassen. Berre tilfeldig at eg valgte den, for der var fleire pubar vegg i vegg.

Det er merkelig kor ein reagerer på ølprisar. Kjøpte ein Pint for 2,50 pund, altså litt over 25 kroner. ein pint er meir enn ein halvliter så prisane i Norge er eigentleg uhorvelege. Der eg kjem frå tek dei vel ca 70-75 kroner for ein halvliter, eller er det 0,4? Og i hovudstaden nesten hundre kroner...

Kosa meg skikkeleg på Sweeney's, der eg sat ute, fortsatt i fin og varm haustsol. Sat først aleine ved eit bord med fire stolar. Etterkvart fyllte uteområdet seg opp av folk og dermed måtte vi som var der sette oss tilrette slik at det vart plass til alle. Og det er då du kjem i kontakt med folk. Eg reknar meg sjølv som ein ganske omgjengeleg kar og har vel ganske lett for å kome i kontakt med folk, nærast uansett kvar eg er... Trur eg...

Så no vart eg "kjend" med fire lokale karar, John, James, Kenny og ein fjerde som eg ikkje hugsar navnet på (kan hende fordi han er Evertonsupporter?). Hyggelege karar å snakke med og eg fekk tilogmed skryt for engelsken min, sjølv om den ikkje har vore praktisert noko særleg på lenge.

Timane gjekk og strupane vart fyllte med jamne mellomrom av god, kald drikke. Eg har ikkje gidda å endre tida på armbandsuret mitt. Det går etter norsk tid. Har jo mobilen som har engelsk tid automatisk. Ikkje noke stress.

Etterkvart braut alle opp og eg gjekk meg ein tur til ein annan Liverpoolshop. Der kjøpte eg to drakter: Tredjedrakta og førstedrakta (kanskje det blir ei gul drakt og?) Deretter fór eg attende til hotellet. Fekk nokre få timers kvild og tok skjegget.... Og så gjekk brannalarmen. Då var det berre å stikke ut og fare på byen att (det var falsk alarm)... Havna på The Cavern Pub, ein plass "alle" har sagt eg måtte besøke. På scena kom etter kvart ein lokal trio som spelte bra musikk. Noko hadde dei nok laga sjølv og noko var The Beatles og andre coverlåtar. Ein fin kveld med andre ord.

Det er rart kor sliten ein blir av publivet. Du skal ikkje kimse av det. Så eg pakka sysakene sånn litt over klokka 23 (fortsatt lokal tid), og tok taxi attende til hotellet.
Så no er eg i grunnen klar for loppekassa slik at eg er utkvild til ein ny dag i Liverpool. Kanskje blir det ein ferjetur over Mersey? Eitt eller anna skal eg nok finne på.... Og her er alltids ein pub.

Og.... Det nærmar seg kampdag! 

YNWA!

Liverpool 12. september 2014 (klokka 19.20 lokal tid)

Vakna. Faktisk... Såg på klokka at ho var ca 09.30 lokal tid. Skal ikkje gå noke nærare inn på personleg hygiene anna at eg tok den daglege vasken. 

Har tenkt litt på fergetur over Mersey og har blitt anbefalt den omreisa av ein fetter og ein onkel som har vore her før. Så eg tog taxi ned til the docks. Det var litt kjøligare i dag enn det var i går og då eg berre hadde med meg ei tynn jakke så bestemte eg meg for å utsette turen over Mersey River til litt seinare (Taxisjåføren var overbevist om at temperaturen kom til å stige utover dagen og han fekk rett). Avgerdsla om å vente med fergeturen vart enklare då eg akkurat ikkje rakk den neste turen. Så då gjekk eg meg ein tur istaden.

Forbi Liverpool Museum og til Albert Docks. Først gjekk eg Albert Docks på innsida, der eg observerte fleire gamle skuter, butikkar og kafear. Etter den runda tok eg turen på utsida, der det på "rekkverket" mot Mersey River var hengt opp utruleg mange hengelås. Er usikker på bakgrunnen av dette. Men då eg leste på enkelte hengelås var der inngravert/skrive dato og gjerne navn på dei som har hengt opp desse. Hamna til slutt ved "The Liverpool Wheel". Sidan høgdeskrekk aldri har vore noko problem for meg, måtte eg berre prøve ein tur. 60 meter over bakken er du når du er på toppen av hjulet. 

3 runder skulle det være etter det dei sa i høgtalaranlegget inne i hjulet. Lurer på om noko var feil for eg fekk heile 5 runder. Meir enn nok tid til å bli kjend med byen frå fugleperspektiv og ta ein del bilder frå høgt hald.

Kai Tore Myklebust inne fra Liverpool eye.jpg

Då eg "landa" etter nesten ein halvtime i "lufta", tok eg straka vegen bort att til Albert Docks, då eg hadde sett inngangen til "The Beatles Story" frå lufta. 7-8 trappesteg ned i kjellaren og eg var i Beatles-land. Historia om John, Paul, George og Ringo er fascinerande. og med lyd på øyret, bilder, filmar og musikk over høgtalaranlegget var det ei stor oppleving. Det toppa seg faktisk då eg i det siste rommet før touren var over gjekk inn i eit heilkvitt rom med eit flygel, ein gitar og bilete av John. I bakgrunnen høyrde eg "Imagine" og teksta var skriven på ein heil vegg. Meeeeeeget..... 

Etter å ha komen ned att på jorda etter den "mektige" opplevinga tok eg nok ein gong "apostlenes disipler" fatt... Det hadde faktisk gått eit par tre timar og magen begynte å bli bekymra. Her måtte det både tørr og våt føde til.

Det er rart med det. Har ein først vore på ein pub ein har hatt ei god oppleving i, så søkjer ein gjerne attende. Så eg fann attende til Sweeney's pub på Williamson Square. Det fine med denne puben, synest eg, er at det faktisk ikkje var nokon andre utlendingar enn meg. Hehe... Då får eg nemleg prøve meg litt på språket. Og sjølv om eg ikkje forstår alt dei seier med ein gong, så går det seg faktisk til (Likar spesielt godt at damene faktisk kallar deg "love" i nesten kvar setning  )

Pilsa er kald og god, det er fredag og folk strøymer faktisk til. Det er arbeidsslutt og i motsetning til i Norge, så møtest generasjonane utan den kløfta vi er vande med. Unge, middelaldrande (som meg) og eldre møtest, tek seg ein pint eller fleire, pratar om kva som har skjedd i dag eller i løpet av veka. Dette er kultur. Ein kultur vi ikkje har i Norge.

Og før klokka har slått 16 så kjem der ein kar inn, tek fram utstyret sitt..., ja karaokeutstyret sitt, og riggar til. Det betyr at før klokka er 17 så har fleire lokale meir eller mindre talent, fått sunge favorittsongen sin for både meg og andre høyrande.

Hadde det ikkje vore for at telefonen min var tom for straum og at eg hadde kjøpt meg nokre bildebevis på at eg var i "Liverpool Wheel" (som eg måtte prøve å passe på) så hadde eg nok vore verande. Men trongen til å ha oppladda mobil til seinare på kvelden gjorde at eg for tilbake til hotellet.

Då fekk eg og tid til å skrive desse få???!!! linjene, til dei som er interesserte i det. Så no har eg ladda både mobil og kropp og er meir eller mindre klar for kva som kan skje denne siste kvelden før match mot Aston Villa i morgon... Eg er klar for det meste og trur eg nok ser fleire norske Liverpoolfans i kveld...

Ser eg deg?

YNWA!

Liverpool 13. september 2014 (klokka 09.00 lokal tid)

Goooood mooooooooorning, Liverpoolvenner!
Det er laurdag, det er kampdag! Oooh Gledje!

Eg forlot dåkke i går, ca i 19-tida. Sjølv venta eg ca ein time før eg tok turen ut. Ikkje uventa, kanskje, vart første stopp på Williamson Square der musikken frå karaokemaskina fortsatt durte og gjekk i Sweeney's lokale. Ikkje at eg er nokon musikkjournalist på nokon måte, men ei av dei lokale damene hadde faktisk ei god stemme, og song meget bra (sett frå min ståstad) eit par låtar eg sjeldan har høyrt før.

Karane som les dette spør seg vel no: MEN.... Var ho bra? Var ho pen? So då skal eg svare. Eg skal svare på samme måte som då ein av dei lokale karane eg møtte i forigårs spurde om korleis dei norske damene var. I forhold til dei Liverpoolske... Av utsjånad. Då svarte eg ærlig, trur eg. Eg svarte at dei norske damene stort sett er mykje penare enn dei engelske.... "Oh, really?"... Yes, really, sa eg. Det skal dåkke ha, damer! Det reknar eg med dåkke set pris på... 

Stor stemning i Sweeney's pub altså! Prisen på ein pint hadde forresten gått opp med 30 pence. Helgatkillegg kalte dei det, så no var det berre såvidt eg hadde råd til å kjøpe øl (ironi). Og som med mange andre britiske pubar, så stenger dei baren klokka 23, også på ein fredagskveld. Men ein får drikke ut det ein har kjøpt.

Eg gjekk før dei stengde. Ca 4-5 minutt gjekk eg, til eg fann "Flanagan's" Det er ein mykje større pub enn vesle Sweeney's. Iallefall fall to etasjer. Puben ligg i Cavern-området, slett ikkje langt i frå "The Cavern", Beatlespuben som eg besøkte kvelden før. Fann meg faktisk ein plass ved eit bord, sjølv om lokalet var ganske fullt. Fekk i meg eit par leskande pintes, før eg tok turen ned i kjellaren. Der var det eit band som spelte og stemninga var endå høgare enn i hovudetasjen. Der var sikkert ein heil del nordmenn. Eg snakka berre med eit par av dei.

Kva skal ein seie? Ein pub er ein pub er ein pub. Eller "Gulost er Gulost", som ho dama seier i reklama.

Eg skal IKKJE seie at det neste eg hugsar er at eg våkna på rommet mitt. for eg hugsar alt...  Stakk innom ei sjappe og fekk meg ein baguett av eit eller anna slag, som eg no straks skal ete til frukost... Hehe...

Men eg har ikkje tenkt å stå opp heilt enda.

Det er kampdag, eg kjenner at eg var ute i går, og eg er ikkje HEILT klar enda. Mætsjstart er ikkje før 17.30, lokal tid, men eg må vel ut nokre timar før det. Då er spørsmålet: Kvar oppheld ein seg i Liverpool før ein Liverpoolkamp når ein skal på Amfield?

Eg veit ikkje. Kom med forslag!

For eg har ikkje tenkt å gå aleine til kamp. Eg vil aldri gå aleine!

YNWA! 

 

Liverpool 13. September 2014 (klokka 22.00 lokal tid)

AAAAAAAAAAAAAAAAARRRRRRRRRRGGGGGGGHHHH!!!
Skuffaskuffaskuffaskuffaskuffa! Sånn... Der! Best å få det ut.

Ankom Anfield 3 timar før kamp. Gjekk litt rundt, tok litt bilder, var innom Supportershopen. Shanklystatua vart sjølvsagt foreviga. Såg på folk. Glade, raudkledde Liverpoolsupporterar, gamle som unge. Nokre med heilt nye drakter, andre med fjorårets og året før der. 70 og 80-talsdrakter på nokre i den eldre garde. Nokre forsynte seg av chips og burgera som vert selde frå bodene rundt Anfield. Som sagt. Folk i alle aldrar frå alle verdsdelar. Og nordmenn.... Og svenskar.... Og danskar... I raudt. Nydelig syn. OG nokre få bortesupporterar, som eg såg...

Tok runda rundt heile stadion. Bilar i millionklassen stod parkerte utanfor. Spelarane sine, sjølvsagt (tenkte etter kampen at alle skulle ha fått drege inn bilane sine etter prestasjonane).

Forventingane syda, sjølv om eg hadde ein biiiiiiitteliiiiiten skepsis i bakhovudet, der Aston Villa sine prestasjonar på Anfield siste sesongene låg og murra.

Ein omgong (45 minutt) før kampen skulle starte, gjekk eg inn portane. Inngang E. The Kop. Mekka. Der var allereie mykje folk. Mykje folk i kø ved kioskane, der du kan kjøpe pølser, burgerar, brus og øl... Mykje folk ståande ved "borda" der dei åt og drakk det dei hadde kjøpt i kiosken. Like mykje folk, om ikkje meir, i toalettkøa (det som kjem inn, må også ut...).

20 minutt før avspark gjekk eg opp på tribuna og fann plassen min: Stand: The Kop, area 207, row 64, seat 32. Høgt oppe, langt bake på The Kop, med verdas beste utsikt. Trur nesten ikkje eit sete var ledig då kampen starta. Og engelskmenn er som nordmenn - Nokre store, nokre små. Eg er vel sånn middels. Men sidemennene var litt større. Det var intimt, for å seie det fint. Det er større plass mellom seta på Volda Stadion, der eg er vand med å sjå fotball, og ja - der er seter på Volda Stadion. Overbygg også... Ja, det var rett og slett litt trangt, men så lenge vi heiar på det samme laget så gjer ikkje det noko.

Så starta "You'll never walk alone".... Alle stod,... alle sang! Alle med flagg og banner veiva med dei. Eg fekk frysningar. Det var mektig. Og for ein akustikk og for eit lydnivå.

Eg har vore på nokre fotballkampar opp gjennom åra. Med nesten 50.000 galne spanjolar på Mallorca (spansk semifinale Mallorca-Sporting de Gijon 0-1) Med ca 50.000 på Stade Velodrome i Marseille i 1998 (Norge-Brasil 2-1). Med ca 60.000 på O.T. i EM 96 (Tyskland-Russland 3-0). Med over 60.000 på Wembley (England-USA 0-2). Med over 82.000 på Nye Wembley (England-San Marino 5-0). Ingen av dei kunne måle seg med lydnivået på Anfield, sjølv om kampane nok var bedre.

Så starta kampen. Skal ikkje gå for mykje inn på den. MEN skuffande førsteomgang. Lavt tempo, mykje balltrilling, upresist, ingen offensive løp, meget lite framdrift... Huff! Det skal seiast at andre omgang var bittelitt bedre, men ikkje nok til at vi klarte å utlikne drittmålet til Villa. Det såg iallefall ut som eit drittmål i frå der eg satt, på The Kop. På 18 avslutningar traff vi målet to gongar: Ei redning og eit stangskot... DET er for dårlig. Eg skal ikkje klage på hverken dommar eller motspelarar eller nokon ting. Liverpool var på langt nær opp mot sitt beste i dag. Og i PL må du vere det for å vinne kampar...

Kampen var over. Mitt første møte med Anfield gav meg eit elendig fotballmessig resultat. Håper det snur allereie på tirsdag mot Ludogorets. Det MÅ det gjere. For eg kan ikkje reise heim til Norge med to skuffelsar... Kan eg? Eg synest at eg fortjener bedre... 

YNWA!

Liverpool 14. September 2014 (klokka 19.00 lokal tid)

Skuffelsen etter gårsdagens kamp har etterkvart lagt seg... Noko... 

Det skulle imidlertid ikkje gå så veldig mange timane før eg opplevde meir på denne "fantastiske mysterieturen" i Liverpool for første gong. Vakna sånn i 3 halv fire tida lokaltid i natt av noko skriking og herjing i gangen. Eitt eller anna fruentimmer hadde nok fått seg eit par pints for mykje og ropa høgt etter ein eller annan Jimmy. Eg høyrde at ho gjekk forbi rommet mitt og at ho byrja å romestrere med eit nøkkelknippe. Så prøvde ho faktisk å låse seg inn til meg... oooooooh spennande. Men det var no ikkje råd, og før eg hadde kome meg ut av senga for prøve å sjå kva som skjedde, så løyste ho ut brannalarmen... Så då tok eg meg tida til å kle på meg, ta med meg mobil og bankkort for å gå ut av bygget, slik forskriftene seier at ein skal gjere i ein slik situasjon,

Eg brukte nok eit par minutt på dette for då eg var komen ut i gangen, var kvinnemennesket bortevekk.... Derimot stakk det ut fleire trøttetryner i døropningane frå dei andre romma i gangen. Eit par høghæla finsko (pumps??) og ein mobil låg derimot att på eit lite bord i enden av gangen. Sannsynlegvis gjerningskvinna sine eigendelar. Eit par karar ifrå eit security-selskap var straks på pletten, og oppdaga snart at det var falsk alarm, då eg forklarte kva eg hadde høyrt før alarmen gjekk. Det heile roa seg ned etterkvart og vaktfolka fekk satt i nytt glas til brannalarmen og vi kunne alle hoppe i loppekassa att. Kan seie at det tok litt tid før eg sovna att.

Men så, ein ny dag. Kroppen min synest visst at halv ti er ei fin tid å vakne på på ein søndagsmorgon i ferien. Og då er det ikkje anna å gjere enn å stå opp og gjere det vanlege stellet som trengst.

Søndag ja. Kva med å ta ein tur til kyrkje? Eg skal ikkje påstå at eg er noko kjempereligiøs, men eg er både døypt og konfirmert. Så då tok eg faktisk turen til Liverpool Cathedral. Den største kolossen av ei kyrkje Liverpool kan by på. Eg gjekk heile vegen frå Prescott Street ved Liverpool University Hospital, og det var faktisk eit stykke å gå. Men det var nedoverbakke, været var bra, lett overskya og 14-15 grader som steig etterkvart, ilag med humøret... 

Eg har jo sett katedralen frå avstand (mellom anna frå The Liverpool Wheel), så eg visste at den var stor. Men etterkvart som eg nærma meg fann eg ut at dette var reine Moby Dick av ein katedral.

Fantastisk arkitektur, og ærleg talt trudde eg at den var mykje eldre enn det som er tilfellet. For bygginga starta faktisk så seint som i 1904 trur eg det var. Og tok 78 år til den stod ferdig. Fleire små kapell og utruleg høgt under himlingane. Som sagt... eg er ikkje kjempereligiøs, men no fekk eg faktisk litt kjensle av høgtid og kristen historie. Vakre vindu, orgelpiper av ei anna verd, skulpturar, sarkofagar, kafear og utstillingar (mellom anna av hjelpemiddel og verktøy dei brukte for å bygge denne store katedralen) og..... ein suvenirshop.... Eg måtte faktisk sette meg litt ned... 

Kai Tore Myklebust 4.jpgKai Tore Myklebust 6.jpgKai Tore myklebust 5.jpg

I eit av kapella var der eit lite "hjartetre". Eit tre laga av papirhjarter der folk som har vore innom har skrive ei lita helsing til avdøde slektningar eller liknande. Eg fekk faktisk ei tåre i augekroken, og klump i halsen, då eg laga til eit hjarte med ei helsing til pappaen min som gjekk bort i 2009.

Etter å ha dvelt litt i det vesle kapellet tok eg ein liten svippar innom suvenirshopen, utan at det vart nokon økonomisk gevinst til dei der.

Bak og halvvegs rundt katedralen er ein liten eller mellomstor park. Ein liten del av den var den første parken som vart laga til allmenn bruk for Liverpool sine innbyggjarar, til rekreasjon og kvile. Det er rett ein nydelig liten park, med gravstøtter eller minnesmerker over dei aller mest kjende, store frå Liverpool opp gjennom historia. Mellom anna første mann i regjering frå Liverpool, og mange andre som eg aldri har høyrt om.

Tok meg faktisk tid til å sette meg ned på ein benk og berre nyyyyyte stillheita i denne vakre parken.

Då sa eg meg ferdig med det besøket og turen gjekk så vidare til City sentral, fortsatt til fots, så i dag har eg virkelig fått trimma joggeskorne. Gjekk forbi China Town og havna til slutt der sikkert dei fleste turistane i denne byen har vore i dag.

Det var vel det mest interessante som eg har opplevd i dag til no. Berre nevner at eg åt middag på ein Italiensk restaurant. Chilluini eller ett eller anna trur eg den heiter. God Risotto og kjempegod Peroni... 

Sit no fortsatt i senga med Ipaden i fanget og avsluttar dagens ord i reisebrevet, eller dagboka eller kva dåkke vil kalle det.

Det er søndag, det er fortsatt ferie og då passar det nok å gå ut og ta seg nokre pints til kvelden også. Har høyrt at The Cavern skal vere bra, også på søndagar... Kanskje det blir ein ny tur til Beatlespuben litt seinare...

Då legg eg frå meg "pennen" for i dag. Kanskje blir det ei ny historie i morgon. Då må me iallefall begynne å telle ned til ny kamp. Denne gong Champions League, på Anfield, på The Kop....

YNWA! 

Tusen takk, Kai Tore for at du deler alle dine opplevelser fra Liverpool og Anfield med oss - vi ønsker deg fortsatt gode dager i Liverpool og håper at du deler også dine siste dager av aller første opphold i Liverpool. Og måtte de ende med tre poeng når gruppespillet i Champions League åpner for Liverpool på tirsdag. Jeg krysser alt jeg har! Walk on!