Dagbok: The Waterfront

Kai Tore Myklebust er førstereisgutt til Liverpool og i byen åtte dager til ende. Nå har han testa den mest kjente kulturinstitusjonen av dem alle (som fortsatt er i drift) nemlig Mersey-ferga og en tur mange ikke kommer på å ta før de har vært i byen mange ganger - og da angrer man på at man ikke har tatt ferga før. Dessuten skal du få høre om Liverpools gratis museum-politikk (satser for fullt som kulturby), og vi skal oppsøke et minnesmerke som de norske supporterne og supporterklubben LFCSCN har vært en viktig bidragsyter på å finansiere når Myklebust er på oppdagelsesferd med en flunkende ny Liverpool FC-kompis. Her er ny dag i Kai Tores reisedagbok. 

Liverpool 15. September 2014 (klokka 22.00 lokal tid)

Vi kjenner sjølvsagt alle hymna vår, "You'll Never Walk Alone", som blir framført og spelt rett før kvar einaste heimekamp på Anfield. Innspelt av Gerry & the Pacemakers, men som opprinneleg er laga av musikkgenia Rodgers og Hammerstein. Gerry & the Pacemakers hadde fleire låtar på Topp 10 listene på 60-talet. Ein av dei var "Ferry cross the Mersey". Og det er den det skal handle litt om i dag. Eller - ikkje låten, men turen med ferja over Mersey. Og litt anna...

Idag hadde eg reisefølgje. Liverpoolsupporter, Oslo- og Skeidgutt Rolf-Vidar Wraal Johansen møtte meg ved LFC-shoppen i Williamson Square etter litt teksting fram og tilbake. Vi bestemte oss for å traske ned til docken der "The Mersey Ferry" skulle legge i frå. Det passa bra, for Rolf-Vidar hadde faktisk aldri tatt båten over Mersey før, og det trass i at han har vore i favorittbyen maaaaange gongar.

Ferja ligg like ved Liverpool Museum, som liknar litt på Operahuset i Oslo arkitekturmessig.
For 7-8 pund fekk vi ei rundreise (eller meir ei trekantreise) på Mersey, med to innlagte stopp. Først følgde vi Mersey utover mot havet, men ikkje i meir enn ca ti minutt. Då hadde vi sett fleire interresante bygningar, både nye og gamle, og kvinna og mannen i høgtalaranlegget informerte meir enn villeg om kva som har skjedd langs havneområdet der dei siste par hundre åra. Så snudde ferja og sette kursen mot andre sida av Mersey, til Wirral-halvøya og byen Birkenhead. Den mest kjende fotballklubben på denne halvøya er nok Tranmere Rovers, trur eg...

Vi kom til første stopp der mange hoppa av. Det gjorde ikkje vi. Sunnmøringen i meg hadde nemleg kjøpt billegaste billetten og den inkluderte berre sjølve sjøreisa og ikkje nokon avhopping med muligheit til å sjå seg litt om på andre sida, så det får bli til ein annan gong.

Nye passasjerar kom på og neste stopp var ikkje mange minutt unda, litt lenger inne i "fjorden", som eg ville ha kalla det i Norge. Nok ein plass der det var mulig å hoppe av og sjå meir, men som sagt... Neste gong.

På veg attende til utgangspunktet i Liverpool fekk vi sjå byen frå si beste side. Vi nærma oss Albert Dock og no var dei andre passasjerane ivrige med fotoapparata. Liverpool er ein vakker by - også frå sjøsida. Ny og gammal arkitektur går ihop og det passar liksom saman. Heile turen var over på ca 50 minutt. Kan anbefalast. Og om du ikkje er like kjip som eg, så ta turen innom Birkenhead og det dei kan vise der.

Hør Ferry Across The Mersey her:

http://www.youtube.com/watch?v=08083BNaYcA

Sidan Liverpool Museum er like ved fergeleiet tok me liksågodt og stakk inn der også. Dette museumet har gratis inngang. Perfekt for meg, men mest med tanke på fattigare folk enn meg, slik at lokale og litt mindre lokale familiar og ungar kan få lære seg litt om sin eigen heimplass. Og dette er visstnok ein bevisst politikk, i følgje Rolf-Vidar. Flotte greier!!!

Vi var i museumet i ca ein time og då hadde vi berre vore innom eitt rom. Det var litt om historia ved havnene. Blant anna om utviklinga etter at containeren kom til verda. Om toget si betydning i Liverpool om sukkerhandel inkludert slavehandel... Veldig interessant og lærerikt, synest eg.

Vi fann ut at om vi trengte like lang tid på resten av utstillingane i museumet så hadde vi nok vore der endå. det er mykje å ta til seg, så vi kan ta det i etapper, tenkte vi. Så neste stopp var ein pub som heiter Liverpool. Ganske enkelt. Det var eit kjærkome "vasshol"...

Så skal eg kome med ein beklagelse... eg trudde eg hadde vore på The Cavern Club... klubben der Beatles vart kjende. MEN eg har to gongar vore på The Cavern Pub. Begge ligg i Mathew Street, berre 10 meter frå kvarandre men på kvar si side av vegen. Sorry! Lett å ta feil i mørket... Så Rolf-Vidar geleida meg ned i The Cavern Club Liverpool. Klubben ligg djupare enn puben. Stilig lokale med bua himling i murstein (lite som ikkje er murstein i gamle bydelar i Liverpool) Masse bilder på veggane, masse folk og ein artist på scena, som spela..... Beatles...

Vi var der ein halvtime før vi gjen fann dagens lys på overflata. Gjekk forbi The Cavern Pub med statua av John Lennon der han fortsatt står og heng framfor ein vegg av murstein. Ein vegg av murstein som har inngravert ALLE band og artistar som har spelt på The Cavern fram til eit visst årstal som eg ikkje hugsar no, og som eg ikkje la merke til sist eg var der, altså i går. Fascinerande lesing. Veggen er fleire meter høg og like mange meter brei.

Så måtte vi ete. Valgte ein restaurant som heiter Welkin, rett ved Mathew Street. På menyen: Pasta og kylling, med tomatar. Eg skyllte ned med Abbot Ale, ei mørk og smakfull øl. Godis. Rolf-Vidar valgte kyllingburger. Også eit bra valg, ifølgje han... 

Etter maten fann Rolf-Vidar på at eg måtte få med meg "Hillsborogh Memorial" ved St. Johns Gardens. Så då gjekk vi dit. Minnesmerket ligg rett ovanfor Mersey-tunnellen "Queensway Tunnel" som går under River Mersey til Birkenhead, som eg nevnte tidlegare. Der er endå ein tunnel ("Kingsway Tunnel") under Mersey, men den ligg nokre hundre meter lenger ute i "fjorden". Når du står ved minnesmerket ser du tunnelopninga mot elva. Minnesmerket står rett utanfor St. Johns Gardens som er nok ein vakker park i Liverpool. Donasjonar frå heile verda, også frå supporterar i Norge, har gjort dette minnesmerket mulig å lage. Alle namna på dei omkomne frå ulukka står på minnesmerket. Du får litt følelser i sving når du ser alle namna som står der....

Då var vi faktisk litt slitne og overvelda over dagen, så vi tok farvel og reiste attende til våre respektive hotell, med lovnader om å møtest igjen. Kanskje kinobesøk i morgon med filmen om "Underet i Istanbul".. Som hadde premiere i forrige veke. Det hadde vore ei fin oppladning til morgendagens CL-kamp. Takk for ein lærerik dag, Rolf-Vidar!!!

Dette vart eit laaaaangt innlegg. Håper likevel det ikkje vart så langt og detaljert at dåkke sovna framfor dataen eller mobilen der dåkke sit eller står...

Til i morgon: See you all! Mætsjdag. CL. Sug på DEN, dåkke!! Det gledes!

YNWA!