Førstereisguttens farvel

Så har Kai Tore Myklebusts åtte dager lange opphold i Liverpool kommet til siste dag og en aldri så liten punktum finale-vandring gjennom byen han har rukket å bli godt kjent med og glad i på sitt aller første besøk. Her er siste del av hans Liverpool-dagbok :

Liverpool 17. September 2014 (klokka 22.30 lokal tid)

Og akkurat idet dåkke trudde dåkke endeleg var kvitt meg, så kjem eg med ei siste helsing frå Liverpool før eg i morgon stikk avgårde til London nokre dagar.

Dagen i dag har vore lat... Skikkelig lat. Det har faktisk vore ein litt sånn skikkeleg dagen derpå-dag. Har stort sett dorma meg gjennom mesteparten av timane av dagen. Heilt til eg drog meg sjølv i nakkeskinnet og sa: Nei, no må du pinaded komme deg ut i fineværet. For sola har faktisk skint i heile dag, har eg sett gjennom vindauget.

Så eg dusja og barberte meg og gjorde meg klar til siste kvelden i Liverpool for denne gong. Og sidan eg stort sett låg i senga heile dagen, GJEKK eg ned til Willamson Square og puben min, Sweeney's. Men først stoppa eg enkelte plassar og tok nokre bilder på min veg. Blant anna var eg ved St. Georges Hall, som eg trur er ein konsertsal. Eit mektig bygg. Og så var eg innom tidlegare nemnde St. Johns Garden, den som legg rett oppom Queensway-tunnellen og Hillsborough-monumentet.

Ein siste pint vart det altså på Sweeney's i solvarmen, medan eg berre satt og tok livet heilt med ro. Ein times tid var eg der.

Eg hadde fått tips om eit par restaurantar. "Il Forno" i Dukes Street, og "Alma de Cuba" i Steel Street. Begge desse er eit godt stykke ifrå Williamson Square der eg sat. Likevel bestemte eg meg for å slite ut joggeskorne endå litt til og traske meg avstad til "Il Forno", som etter sikre kjelder er favorittrestauranten til både Martin Skrtel og Raheem Sterling. Klarte tilogmed å gå for langt og gjekk heilt ned til Gustav Adolf Scandinavian Church. Aldri så galt at det ikkje er godt for noko: No veit eg kvar den og ligg, til neste gong. Har høyrt at dei serverer vafflar enkelte dagar (reknar med dei har jorbærsyltetøy også)...

Vel framme på Il Forno fekk eg meg eit romantisk bord for ein, medan eg diskret skula rundt meg for å prøve å få auge på eit par Liverpoolspelarar. Det hjelpte ikkje eingong å ta seg ei observasjonsrunde på toalettet. Herr Skrtel og Herr Sterling glimra med sitt fråvær. Så då var det berre å bestille husets lasagna med parmesan og focaccia-brød. Til det høyrer med ei italiensk øl. Det var nydeleg.
Når ein først har sjansen til å smake ekte italiensk iskrem, so kan iallefall ikkje eg dy meg. Så det vart også dessert. Ein mix av vaniljeis og sjokoladeis kjølte ned den nesten overoppheita ganen min etter lasagnaen... 

Eg braut opp og gjekk så mot Cavernområdet. Gjekk forbi dei no velkjende plassane eg har vore den siste veka. Flanagan's, The Grapes, svippa innom The Cavern Club, der det var mykje turistar og tung luft. Så det vart berre med svippen. Forbi The Cavern Pub, John Lennon og veggen hans ein aller siste gong, og rett i taxikøa som står ved toppen av Mathew Street. Eg sa til sjåføren: "29 Prescot Street, mate" også for aller siste gong. Nesten litt vemodig.

Så no sit eg nok ein gong i senga, med Ipaden på fanget, og tastar ned det siste brevet for denne gong. Det har vore ei glede! Og det har vore ei ære, kjære Liverpoolvener!!

Takk for meg..... helsing Kai

 YNWA!