Kribling fra Liverpool

One night in Istanbul.jpg

Ny episode av reisebrev fra Kai Tore Myklebust, som er i Liverpool for første gang. I dag har han lada opp til kamp med vaskeengelsk frokost og kinobesøk for å se "One Night in Istanbul". 

Liverpool 16. September 2014 (klokka 16.30 lokal tid)

Morgondusjen idag var iiiiiiiiiskaaaaald... Om eg ikkje var hundre prosent våken då eg gjekk inn, var eg iallefall det då eg gjekk ut av han.

Morgen og morgen, Fru Blom. Klokka var allereie over 10 og og eg hadde bestemt meg for at eg for første gong på turen skulle ha meg ein skikkelig engelsk frokost. Sidan det er dårleg med nettopp mat på dette "hotellet", bestemte eg meg for å fare ned til samme plass som vi var og åt middag i går, nemleg på Welkin.

Eg gjekk for ein tradisjonell frokost, og valgte den store typen. 2 pølser, 2 egg, steikt tomat, 2 brødskiver, litt sopp, noke potetgreier, bønner og eit glas Pepsi Max.
Bra utbytte for for ein norsk 65-kronerslapp, synest eg. Og eg vart mett!! 

Kai Tore Myklebust frokost.jpg

Rolf-Vidar hadde fått ei tekstmelding og kom luntandes i det eg var i ferd med å slurpe i meg siste bønnene på tallerkenen. Han bestilte eit litt lettare måltid, ein breakfastwrap.

Vi tenkte vi skulle få med oss den nye komedia "One Night In Istanbul" som skulle gå kl. 13.30 på Odeon Kino i Liverpool One senteret. Ei fin oppladning til kveldens kamp, tenkte vi. Medan vi venta på at klokka skulle bli filmtid gjekk vi oss ein tur i "Liverpool One parken" oppe på taket på senteret. Fin liten park til avslapping i det varme haustværet. Og om vinteren frys dei noko av flata til is så dei lokale engelske skøytetalenta og andre ungar kan kose seg med Trippel Zalkov og Dobbel-Aksel eller kva det heiter (det blir vel helst åttetals figurakøyting og å stå på ein fot, tenkjer eg)....

Kai Tore Myklebust Liverpool ONE.jpg

Eg synest filmen var kostelig, der den handla om litt kjærleik, litt kriminalitet, litt fotball, bounding mellom fedre og søner, spunne rundt Champions League-finala i 2005 i Istanbul mellom Liverpool og AC Milan, der vi vann på straffekonkurranse, som ALLE veit! Kanskje litt banal historie, men det brydde vi ikkje oss noko særlig. Vi kosa oss med filmen.

Etterpå hadde eg tenkt at eg skulle ta meg ein tur opp i tårnet til Radio City 96,7, som ragar 138 meter over bakken. 148 meter med spiren på toppen. Men eg fann ut at det vart det kanskje litt lita tid til, då eg ønskjer å vere på Anfield i god tid før kampen også i dag.

Dermed drog eg meg til hotellet der eg no forbereder meg til min første Champions League kamp med Liverpool på Anfield.

Eg skal vere her til torsdag og eg kjem til å skrive eit par innlegg til i denne dagboka. Men først må eg få takke ein person som gjer at eg i det heile tatt har fått desse opplevingane i Liverpool. Nemleg Roar Holmvåg i Bergen. Eg hadde kanskje fått tak i billettar utan han. Men utan han hadde eg ikkje hatt billettar til The Kop og fått ei ekstra oppleving. Så tusen takk, Roar! Great doing business with you. Kanskje det klaffar ein annan gong også.

Så no, folkens! No er det berre å gjere seg klar til kamp. Det er MATCHDAY. Anfield og alle Liverpoolsupporterar skal atter få høyre den vakre CL-hymna. GOD KAMP!

YNWA! Det kribler... 

Det kribler her også! Tusen takk igjen for at du deler dine åtte dager og to hjemmekamper i Liverpool med oss. Ønsker deg og alle der ute en riktig god kamp! Høytidsstund når Mesterliga-kjenninga dras igang om litt...