Liverpooldagboka del 2

IMG_0055.JPG

Liverpool 15. September 2014 (klokka 09.15 lokal tid)

What can I say???
Eg hadde ikkje før skrive frå meg gårsdagens "memoarer" før eg fekk ei hyggeleg melding frå vår alles Liverpoolhjerte-dronning Ragnhild Lund Ansnes. Kunne ho få bruke det eg har skrive om mine opplevingar i Liverpool + nokre bilder til den offisielle Liverpoolhjerterbloggen? Yes you can!

Så no sit eg her... Litt rørt over alle dei gode og kjekke tilbakemeldingane frå dåkke og ganske så stolt over at Ragnhild vil bruke desse små synsingane og hendingane mine i denne fantastiske byen eg såvidt har blitt kjendt med, og begynner å få litt småforelskingfølelsar for... Og prøvar å formidle så godt eg kan, etter mine beste evner, som det heiter.

Dette måtte eg berre feire, tenkte eg. Og etter å ha fått sett mine skriblerier "på trykk" i liverpoolhjerter.no for aller fyrste gong, kapra eg sporenstreks ei taxi, hoppa inn og sa eplekjekt: "The Cavern, please, mate!", til sjåføren.
Føler eg har fått litt dreisen på den talemåten, med "please", "mate" og "love" (til damene)... 

Utanfor "The Cavern" stod John Lennon, som vanleg, og hang... Den naturtru statua står og helsar deg velkomen, uansett...

Kai Tore Myklebust Lennonstatue.jpg

Inne var det meir folk enn på torsdagen då eg var der sist. Denne gongen hadde bandet 4 medlemmar og det gjekk litt meir i blues på ein søndag. Eg gjekk sjølvsagt rett i baren og fekk meg ei kald og leskande ei. Gjekk vidare inn i neste rom. Der var det nordmenn. Eg høyrde at dei skarra på "erren", som vi seier heime. Altså kom dei lenger sør frå Vestlandet enn eg kjem frå. Kom til at dei måtte vere frå Hordaland, og det vart ganske kjapt bekrefta då eg kom i snakk med ein av dei ti i reisefølgjet frå Sotra. Hyggelige folk som var i godt humør på grunn av at dei er Liverpool-supporterar og trass i at det vart tap laurdag.

Desverre for dei så får dei ikkje oppleve Liverpoolsiger denne gongen, då dei reiser heim til moderlandet idag. Men praten og latteren var høg blant desse vestlendingane på tur til Liverpool, i kamp med lydnivået på musikken, som også var ganske høg og livleg.

Sotragjengen gjekk etterkvart heim til hotellet sitt. Eg vart sittande litt til. Berre for å nyte livet på The Cavern, nyte livet generelt, nyte ferien.
Så dumpa det ned ein kar og sa: Hey mate. I was just in the toilet, and heard all kinds of strange accents... Eg måtte flire.... og sa at eg er nok ein av dei med dei rare uttalane og "dialektene"... "Oh, mate! Your english is quite good, actually"... Fekk eg høyre for andre gong denne turen... Kanskje det er noko i det då...? 

Men no skal vel ikkje scouserar snakke veldig høgt om rare uttalar og dialekter, tenkjer eg... 

Ein lang dag leid mot slutten. Ja - faktisk hadde det blitt ein ny dag, så eg bestemte meg for å bryte opp. Eg likar faktisk å ha bittelitt kontroll i større byar. No synest eg at eg høyrer nokre av kompisane min le høgt heime i Volda. Det var ikkje slik for tjue år sidan, og avogtil er det heller ikkje slik no heller, på mindre plassar, som heime i Volda. Men nok om det... 

Måtte berre ein liten tur 40-50 meter lenger ned i Mathew Street og svippe hovudet innom "The Grapes" som eg var blitt anbefalt av ein kompis. Skal ikkje nevne namn, Nils Jarle...  Der var det liv og folk stod nærast som sild i tønne. Men ein gammal mann bør kjenne når han er blitt gammal, så taxien venta ikkje lenge før eg kom meg bak i, og eg vart trygt køyrd heim til Prescot Street.

I dag er eg litt usikker på kva eg skal ha på tapeten. Har fortsatt ikkje tatt ferga over Mersey. Har fortsatt ikkje vore innom Liverpool Museum ved sidan av ferga ved Mersey. Og har fortsatt ikkje vore på Anfieldtouren eg gjerne vil på. Så eg får sjå kva eg bestemmer meg for. Alternativa er fortsatt mange.

Ha ein nydeleg dag, folkens! I morgon er det endeleg Champions League-kamp på Anfield igjen og eg kjenner at kriblinga i kroppen allereie er på gong...

YNWA!

PS! Eg nemnde språk, uttale og dialekter: Finn fram den danske komikaren Eddie Skoller (han som var gift med Sissel Kyrkjebø) sin "What did you learn in school today". Den er på YouTube. Hillarious!!!