Ludospill i Mesterligaen

Kveldskampen i går på Anfield har endelig forlatt halsregionen der den lå som en klump av bekymring. Bekymring for lavt tempo, balltrilling uten fart og framdrift, uten at de endte i målraid. Bekymring for at forventningene til dette nye Liverpool-laget er for høye - bekymring for at spillergleden er slukt av nerver. Bekymring for at det skal ta for langt tid til å spille seg inn som et nytt superlag, som laget i fjor. Bekymring for at vi ikke har gode nok spisser på topp når Sturridge er skada og Suarez bare er et minne om 31 mål bitt fast i hukommelsen.

Så scora endelig Balotelli sitt første mål og fikk belønning for hardt arbeid, men Ludogorets utligna på overtid. Heldigvis da, som i 2005, fikk vi beviset på at det finnes en Champions League-gud. Han la sin hånd over Anfield og ga oss en straffe, som Gerrard satte sikkert forbi Ludogorets tredjekeeper som faktisk storspilte på det berømte gresset.

Og heldigvis har vi Kai Tore Myklebust - som så det hele på kloss hold og beskriver opplevelsen her for oss.

For Myklebust har delt hele sitt aller første Liverpool-opphold med oss, åtte dager til ende i form av reisebrev. Oppholdet skulle toppes med kveldskamp i Champions League, og gjett om han fikk valuta for oppholdet, perfekt plassert bak Kop-målet:

17. September 20014 (klokka 10.30 lokal tid, dagen derpå...)

Ooooh herlige bakrus!!!!
Eg kom meg til Anfield i god tid. Men eg trudde eg var litt for seint ute til å kome meg inn ein av pubene rundt stadion, for eg var endå tidlegare ute laurdag, og då var pubene rundt fulle av supporterar. Men eg kom lett inn på "The Albert" og køa til tappekranene var kortare enn eg trudde. Ja, eg gjekk faktisk rett i baren og fekk meg ei kald øl sporenstreks - utan ventetid.

Etterkvart strøymde det på med folk. Rolf-Vidar kom også ikkje lenge etter. Han hadde hospitalitybillettar med både mat og drikke inne på stadion tilgjengeleg. Og eg fekk faktisk tilbod om plass med han, ettersom ei av dei som skulle vere med var blitt sjuk. Men, etter litt betenkingstid, takka eg nei til den muligheta då eg syntest at eg burde bruke billetten eg sjølv hadde fått tak i på The Kop (eg skulle ikkje angre)...

Denne gongen hadde eg plass rett bak målet på The Kop. På 32. rad. Glimrande plassering.

Så var det berre å begynne å spele Ludo...
Ludo kan vere eit vanskeleg spel, og Liverpool hadde problem med å spele seg gjennom bulgariaforsvaret i første omgang. Det likna faktisk veldig på kampen mot Villa... Med unntak av at Ludogorets ikkje scora...

Posisjonen min på The Kop gjorde at eg fekk enda meir oppleving av lydnivået i denne kampen. Og no hadde eg i tillegg lært meg litt av songane som vert sunge på heimekampane. Vi song og herja heile førsteomgangen. Og vi satte oss ikkje ned før dommaren bles til pause.

Andre omgang vart heldigvis meir livleg på Anfieldmatta. Liverpool førte kampen og kom til ein del sjansar... Men Ludogorets var småfarlege på kontringar, og hadde ein ball i stolpen med 17 minutt att. Dette utløyste eit stort Liverpoolpress mot Ludomålet. Og vi skulle få uttelling i det 80. minutt. Då var SuperMario frampå og gav oss leiinga.

Hårreded for eit lydnivå!!! Anfield kokte! Og vi på The Kop song: Mario fantastico, Mario magnifico... Olé Olė.... Olė Olė

Vi var sikre på siger i 9 minutt, men då scora Ludogorets på ei kontring.

Nesten total stillheit!! Hadde eg sagt namnet mitt i vanleg pratelydnivå, so hadde det ljoma over Anfield. Ja unntatt på andre sida av stadion då, på borteseksjonen. Dei vart elleville...

Vi hadde nettopp vore så høgt oppe at Jack med bønnestengelen ikkje hadd nådd oss til knea ein gong. Og no var vi lenger nede enn Kingswaytunnelen under Mersey River.

Men heldigvis skulle eg få oppleve min første Liverpoolsiger på Anfield i andre forsøk. På overtid. Straffesituasjonen var kanskje av det billege slaget, men sjå kor det bryr meg... Stevie G. er kanskje den mest pålitelege straffeskyttaren i heile fotballsirkuset! Takk Captain Fantastic!! Eg skal ikkje eingong prøve å beskrive følelsane og stemninga etter sigersmålet. For det var (nesten) ubeskrivelig.

Trur faktisk at om eg får velge korleis ein skal vinne fotballkampar, så velger eg denne måten. Straffemål på overtid. Sjølv om det er ganske behageleg å vinne med 2-3-4 mål, så får iallefall hjartet trimme seg på denne måten... Og ein skal ikkje kimse av hjartetrim... 

Etter kampen fann nokre av oss fram til ein pub rundt Anfield. Etter ein times tid der og noko leskande, for å roe oss ned, tok vi turen til Flanagan's i Mathew Street. Der var det forholdsvis roleg, sjølv om der var ein del folk. Nokre nemnde "The Grapes", berre 6 meter på andre sida av gata, og DER var det liv. Høg musikk ut av høgtalaranlegget og ein mannsperson som spelte elgitar. Han var meeeeeeeget dyktig. Rettnok fekk han hjelp av eit miksebord til trommer og andre instrument, men gitaren trakterte han utruleg bra. Toppa seg då han heilt på slutten spelte "Hotel California" av The Eagles, med DEN gitarsoloen/riffet på slutten.

Kvelden vart med andre ord perfekt. Eg hadde fått mitt store mål dei siste åra oppfylt, nemleg å få stå på The Kop før Anfield blir påbygd. Eg hadde fått sett Stevie G. score vinnarmålet i ein Champions League-kamp på overtid, der eg stod på The Kop rett bak målet det skjedde. Eg hadde og fått sett Mario Balotelli score sitt første Liverpool-mål.

Det blir ikke betre enn det... Synest eg...

Og når dette er over og eg tek pikkpakket mitt og går aleine til neste stoppestad, veit eg at eg slett ikkje går aleine likevel. 

YNWA!

Kai Tore Myklebust YNWA.jpg

Kai Tore: Jeg er ikke alene når jeg sier at jeg har satt stor pris på delegleden og den verdifulle tida i Liverpool som du har brukt på å skrive hjem til oss Liverpoolhjerter. Dine brev har vært fulle av ideer til opplevelser og scousekultur på nært hold og til inspirasjon for mange av oss. 

Tusen hjertelig takk! Jeg skal sende deg et flott legendesignert foto i posten som takk for alle dine supre bidrag fra Liverpool. 
Og alle dere andre der ute: Reiser dere på hjemme - eller bortekamper med Liverpool FC så send oss gjerne reisebrev med bilder slik som Kai Tore har gjort til felles glede for tusenvis av andre Liverpoolhjerter. Legg reisebrevene rett ut på Liverpoolhjerters facebookside eller send dem til meg: post@liverpoolhjerter.no
Walk on!