På bortekamp i London

Volda 23. September 2014 (kl 10.30 norsk tid)

Eit aller aller aller siste reisebrev frå ein Liverpoolsupporter på tur til Liverpool og London.
Som dåkke kanskje har fått med dåkke reiste eg frå Liverpool torsdag 18. september. Ein fin togtur i vakre Englands countryside til storbymetropolen London. Tida i toget vart brukt på krimlesing, så dei gjekk ganske fort dei nesten tre timane det tok.

Hotellet mitt låg i Prince's Square nede ved begynnelsen av Hyde Park, mellom dei to undergrunnsstasjonane Notting Hill og Queensway, om dåkke er lommekjende. Det var litt bedre standard enn der eg budde i Liverpool. Eg hadde tilogmed eit bittelite TV oppunder taket, der lysrøret nok hadde sett sine bedre dagar, då bildet var inndelt i tre fargar: Blått nede, raudt på midten og grønt oppe... I tillegg hadde eg eige bad. Måtte dog gå eit par trappetrinn ned til badet, men det var like fullt "mitt eige" med eigen nøkkel. 

Det naturlege når ein er i London er å fare opp i Oxford Street på shopping. Eg derimot tok min første tur til Hyde Park. Tenkte eg berre skulle gå meg ein liten tur etter å ha etablert meg på hotellet. Den gåturen vart veldig lang, mykje lenger enn eg hadde tenkt. Hyde Park er kjempestor og eg gjekk faktisk i eit par timar, minst. Dyreliv var der og. Gjess for og luska rundt i flokkar, svaner og ender på den vesle innsjøen midt inne parken og einskilde ekorn som leita etter mat rundt dei store eiketrea som var der. Og skulpturar og minnesmerker. Blant anna eit minnesmerke over Prinsesse Diana.

Eg gjekk og gjekk. Såg eit fantastisk monument av ein Prins Albert og Royal Albert Hall på andre sida av vegen. Så, etter langt om lenge, som det står i eventyra, kom eg til berømte Speakers Corner, heilt oppe ved Marble Arch og nesten ved starten av Oxford Street. Då hadde eg hatt fleire kvilestoppar på nokre av dei mange benkane rundt om. På den siste stoppen fekk eg "besøk" av eit meget nysgjerrig ekorn som var ute etter mat. Ja, den vesle kompisen klatra oppover buksebeinet mitt og satte seg på låret mitt. Fekk sovidt foreviga augneblinken før han pilte avgarde på leit etter noko meir interessant.

No var eg altså i munninga av handlemekkaet Oxford Street. Så eg fortsatte å gå oppover til eg kom til Oxford Sircus.
Utruleg med folk. Og no var det mørkt også, sjølv om butikkane lyste opp. Skal ikkje plage dåkke noko med shoppingprat for det vart ikkje noko shopping på meg denne dagen. Men eg var no innom nokre butikkar og sonderte terrenget.

Til slutt var eg litt lei og bestemte meg for å kome meg, om ikkje attende til hotellet, så i allefall å kome meg i den retninga. Sidan det var ein del timar sidan kroppen hadde fått føde vart dei ein tur innom McDonalds før eg bevegde meg vidare. Sjølv om føtene no kjende at dei hadde spasert på asfalt nokre timar, så bestemte eg meg for fortsatt å gå mot hotellet, etter det korte og sunne måltidet. Lang historie kort: Rett etter Lancaster station fann eg meg ein pub. The Swan. Ein god gammaldags pub. Der satte eg meg ned og koste meg med eit par pints.

Nokre ungdommar som satt ved eit anna bord, dreiv med nokre triks som dei brukte til å vedde om øl eller annan drikke. Både fyrstikktriks og ein drikkekonkurranse. Eg følgde med dei, så når det var min tur til å være "offer", så takka eg nei, for sjølv om eg kunne dei fleste fyrstikktriksa dei brukte, ville eg ikkje "lure" dei for drikkepengar. I staden viste eg dei EITT triks eg kan, som inneheld ei fyrstikkøskje, ei fyrstikk og litt fingernem oppførsel, om ein kan kalle det det. Og som ser ganske enkelt ut om ein har øvd på det stund, som eg har gjort. Ingen av dei klarte trikset på hverken første, andre, tredje, fjerde eller femte forsøk. Hverken dei fire karane eller dei to jentene. Der kunne eg ha loppa dei for både eitt og anna om eg ville.

Etter nokre nye pints tok vi farvel, og eit par av dei var faktisk Liverpoolsupportarar (noko som gjer denne historia legitim i forhold til reisebrevet..) hehe...

Dagen etter vart litt det samme, utanom turen til Hyde Park. Opp til Oxford Sircus litt utpå dagen, men denne gongen med undergrunnen. Ei genial oppfinning.

Like travle og like mange, om ikkje fleire, shoppinghungrige turistar på helgatur til London. Eg tok turen til ei av sidegatene der eg gjekk meg på ein nokolunde kjend pub, O'Neills... Der måtte eg innom, for temperaturen gjorde at væsketapet vart større enn inntaket ei lita periode. Men det klarte eg heldigvis å få balansert. Vidare gjekk eg den korte turen til ein Italiensk restaurant, Bella. Italia, for litt fast føde også.

Også eg måtte handle litt, og tida gjekk fort. Eg for etterkvart attende til hotellet, der eg kom i kontakt med Tage Herstad som kunne glede meg med ein billett til West Ham-kampen dagen etter.

Ny feiring på gang etter den gode nyheita om billett, og etter litt såpe og vatn på kroppen fann eg fram til "The Swan" der eg fann meg ein ledig plass ved eit bord der det sat eit ektepar i 60-åra. Caroline og Jeremy var frå Wales, nærare bestemt Swansea. Jeremy hadde mange godord å seie om vår manager Brendan Rodgers, etter det han hadde gjort i Swansea. Det vart ein hyggelig kveld der vi prata mykje fotball, men også om både Wales og Norge. Både om prisar, pensjonsordningar og andre viktige ting her i livet. Og dei vart imponerte over naturen vår som eg hadde mange bilder av på telefonen min, som eg kunne vise.

Nok ein hyggeleg Londonkveld. No var det berre å konsentrere seg om laurdagens kamp mot West Ham.

Eg møtte Tage på Euston Station der eg fekk billetten han hadde skaffa. Møtte også Inge Larsen og kona Desiré (om eg huskar rett) som skulle starte ferien med kamp på Upton Park, eller Boleyn Ground som det også heiter. Etter kampen skulle dei vidare til Southampton og cruise til mellom anna Azorene, trur eg det var. God ferie, Larsens!!!!

Det var endå nokre timar til kamp, men vi tre tok turen opp til Upton Park etter ein god lunsj på ein restaurant ved Euston Station. Der møtte vi fleire likesinna supporterar på puben The Central, som ligg 5-600 meter forbi stadion. Til alt overmål møtte vi også to sambygdingar av meg som og hadde tatt turen frå Norge for å sjå mætsj!

No var vi ganske klare, og stemninga steig i puben fram mot kampstart.

Kai Tore Upton Park.jpg

Etterkvart gjekk vi til stadion og fann plassane våre. Så var det klart for kamp!
Vel... vi veit alle korleis det gjekk. Før det var gått 10 minutt hadde heimelaget scora to mål bak vår sisteskanse, Simon Mignolet. Og eg stod 3 meter bak målet og opplevde desverre scoringane og sjokkopninga på meget nært hald. Heldigvis reduserte vi før pause ved Raheem Sterling, så stemninga var ikkje heilt nedtrykt før kvilen.

Kai Tore nesten mål West Ham.jpg

Men det vart berre med det eine målet til Liverpool, sjølv om vi pressa på for ei utlikning i andre omgang. Desverre var det WH som fekk målet som slo den siste spikaren i kista vår til nok eit tap. Det er klart eg var skuffa, ilag med alle dei andre raude supporterane. Men slik er fotballen. Den er rund og kan trille alle vegar. Desverre trilla den feil veg denne gongen.

Etter kampen vart det nok ein lang trasketur for dei etterkvart noko slitne føtene mine. Først gjekk eg til Upton Park-undergrunnen der det var laaaaaaaaaaaaaaaaaaaaang kø. Politiet henviste mange til neste stasjon som var 15 minutts gange lenger borte. Då eg kom dit var køa jaggu like laaaaaaaaaaaaang! Det tok vel godt og vel ein halvtime, og vel so det, i køa, før eg kom meg ombord i toget.

To av dei eg vart ståande med lurte på om eg var scouser. Nei, eg er norsk, sa eg. Ein WH supporter lurte på ka i alle dagar ein nordmann var Liverpoolsupporter for, og eg forklarte så godt som eg kunne og fekk hjelp av dei to karane ved sidan av. Dei var frå Liverpool, men budde i Toronto, Canada. Og kunne fortelle WH-supportaren at Liverpool er "huge" i Norge. Den aller største engelske klubben i Norge, faktisk. Så gav dei meg eit Liverpool FC Toronto-visittkort og sa at om eg nokon gong er i Toronto så er det berre å ta kontakt. 

Eg hoppa av på Liverpool Street station og fekk bytta vidare til Central linja. Då bar det rett til Queensway station og den korte vegen til hotellet. Kofferten var pakka. Det gjenstod berre å få sove nokre timar før taxien kom og henta meg kl. 05.30 neste dag.

Min første tur til Liverpool var over. 
Tre Liverpoolkampar på ei veke, mange opplevingar, stor stemning og nye bekjentskap er fasiten etter turen. Eg har hatt det storveges. Og eg håper eg har klart å formidle litt av det eg har opplevd på ein nokolunde måte. Om dåkke har fått inspirasjon til å ta turen over til favorittbyen og favorittlaget, så er det ein bonus.

Endå ein gong: Takk for meg. Kanskje vi sjåast ein eller annan gong? Aller helst i Liverpool, aller helst på Anfield og aller helst med tre poeng etter ein tur på Anfield. 

Eg har opplevd at Liverpoolsupporterar er som ei stor familie. Og at vi faktisk tek vare på kvarandre.

Takk til Roar Holmvåg! Takk til Tage Herstad! Takk til Ragnhild Lund Ansnes! 

Vi går ikkje aleine!

Eg går ikkje aleine!

Du går ikkje aleine!

You'll never walk alone!